Selene Muñoz (Spania) Jazz'n Rhythm

Den prisbelønte flamencodansaren og Selene Muñoz har med seg to generasjonar danske jazztrommeslagarar i Niclas Bardeleben og Jonas Johansen, samt den cubanske kontrabassisten Yasser Pino.

Saman har dei fire kunstnarane skapt sin eigen fusjon mellom flamenco, jazz og verds-musikk, med eit streif av Cuba og New Orleans. Repertoaret byr på eit levande rytmeunivers, fyrrig temperament og musikalske overraskelsar i ei forestilling der alle artistane utfordrar kvarandre og arbeider utanfor si komfortsone.

Selene Muñoz’ forestillingar blir karakterisert av stor musikalitet, slåande kostymer og interkulturelle samarbeid, og ho tar også gjerne opp instrumenta sjølv på scena.

Medvirkende:
Selene Muñoz, Koreograf, Danser
Niclas Bardeleben, Musiker
Jonas Johansen, Musiker
Yasser Pino, Musiker
By Luna, Kostymer


Vis tidligere forestillinger