Foto: Solveig Styve Holte

Solveig Styve Holte OPPKOME

OPPKOME er eit fleirårig prosjekt som utforskar det tidlege arbeidet til dansekompaniet Høvik Ballett i perioden 1969–1977, og som undersøkjer kva potensial som ligg i arbeidet til kompaniet for dansekunsten i framtida. Prosjektet er initiert og leia av koreograf og dansar Solveig Styve Holte, og skapt og utvikla saman med dansekunstnarane Ilse Ghekiere, Per Roar, Terje Tjøme Mossige og Magdalene Solli og kostymedesigner Solveig Fagermo.

Under Dei Nynorske Festspela vert OPPKOME presentert som eit undervegsarbeid på Kunsthuset i Ørsta. Før opninga av Festspela skal OPPKOME ha ei framføring utandørs i Aasentunet, i hellinga der museumsbygningen er hogd inn i landskapet. Her vert rørslene plasserte i skråninga, ute av aksen, i dialog med det omkringliggjande landskapet og byggverket til Sverre Fehn.

På Kunsthuset i Ørsta skal OPPKOME ta form over to timar. Publikum kan ta del i ein serie med soloarbeid og danseomvisingar som strekkjer seg gjennom Kunsthuset og utover til parkeringsplassen og parken mot fjorden. Kvar solo tek utgangspunkt i eitt fragment frå arkivet etter Høvik Ballett, tilfører ei mengd parallellforteljingar og inviterer til fundering om kvifor noko har vorte hugsa, og anna gløymt. Publikum kan vere tilstades så lenge dei sjølv ynskjer, men kvar halvtime startar ein ny solo.

Solveig Styve Holte er dansar, koreograf og stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo. I hennar koreografiske praksis får eksisterande materiale og dansehistoriske arkiv nye kroppar, lekamleggjering og andre framtider. Holte skaper arbeid for museum, galleri, teater og uterom, så vel som tekstarbeid. Holte er busett på Folkestad, der ho byggjer opp Ysteholen koreografiske senter (YKS) ein tverrkunstneriske produksjon- og visningsarena på heimgarden.

OPPKOME
er støtta av Norsk kulturråd, FFUK, Kunsthøgskolen i Oslo, arbeidet vil ha premiere som tidsutstrakt performance på Henie Onstad Kunstsenter i november 2021 og som framsyning på Dansens Hus i februar 2022. 

Medvirkende:
Solveig Styve Holte, Konsept, Koreograf, Danser
Per Roar , Medskapende danser
Ilse Ghekiere, Medskapende danser
Terje Tjøme Mossige, Medskapende danser
Magdalene Solli, Medskapende danser
Solveig Fagermo, Kostymedesign


Vis tidligere forestillinger
Foto: Solveig Styve Holte